Illustrasjon av hvordan det kan ha sett ut på Kuli og Edøy

Om Kuli og Edøy

Øyene Kuli og Edøy i Smøla kommune har fleire spor etter menneskjer i yngre jernalder. Spora er etter busetnader og skip som fortel korleis folk levde, livberga seg og reiste langs kysten. Folka har òg etterlate merkesteinar som gjev innblikk i kva dei tykte var viktig å minnast, og litt om korleis dei æra menneskjer og kanskje gudar.

På Kuli og Edøy finn ein eksemplar på de store prosessane som skjedde i heile Noreg i yngre jernalder. Som namnet på perioden tilseier er det funne jernreiskap, deriblant jernnaglar til skip og båtar. Folk budde i langhus, og skaffa seg mat ved jordbruk og husdyrhald, saman med jakt og fiske. Med båtar og skip hadde dei kontakt med andre busetnader langs kysten. Kontakten gjorde at folka òg vart del av dei religiøse og politiske prosessane som skjedde i tida. Spor etter desse finn ein att i både gravminne, gravhaugar og minnesteinar.

Vil du lese meir om yngre jernalder?