Illustrasjon fra Magnus Erlingsøns saga av Gerhard Munthe

Om Veøya

På Veøya utanfor Molde var det kjøpstad frå slutten av vikingtida og fram til Svartedauden. Her hadde både kongen og fleire av dei mektigaste mennene på Nordvestlandet eigne bygardar. Det er også spor etter det som truleg er blant Noregs fyrste kyrkjer på Veøya. På det meste var det minst tre kyrkjer på øya samtidig. Vi veit ikkje kor mange som budde her, men det kan ha vore opp mot 300 personar – og sannsynlegvis fleire i sommarhalvåret. Slagghaugar og smeltegroper viser at det også har vore smiing og jarnframstilling på øya. Den var eit senter for malm som kom frå område som låg i kring.

Nausta i Bondevika er frå omkring år 1000 e.Kr., tidleg i kjøpstaden si historie. Det eine naustet var 22 til 25 meter langt og 9-10 meter bredt, det andre var 15 meter langt og 9-10 meter bredt. Storleiken gjer det sannsynleg å setje nausta i samanheng med leidangen. Leidangen var måten ein organiserte forsvaret i Noreg på i vikingtid og mellomalder. Kystdistrikta blei delt inn i skipreider, som kvar stilte skip, mannskap og proviant for kongen i eit visst tidsrom. Les meir om leidangen her.

Veøya er fyrste gong nemnt i historiske kjelder i samband med slaget på Sekken i 1162 (Magnus Erlingssons saga). Då var Erling Skakke og fleire av hans menn på veg nordover frå Bergen med tjue skip. Kong Håkon Sigurdsson Herdebrei hadde vore på Veøya i nokre dagar med fleire av sine menn, men var på ei øy lengre ute i fjorden då han fekk varsel om flåten som var på veg. Dei to hærane braka saman i eit stort slag ved øya Sekken like ved Veøya. Les meir om slaget ved Sekken her.

Meir informasjon