Undervisningsopplegg 4.-7. trinn

Sjå Kompetansemål etter 7ende trinn.

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne utforske korleis menneske i fortida livnærte seg, og samtale om korleis sentrale endringar i livsgrunnlag og teknologi har påverka og påverkar demografi, levekår og busetjingsmønster.

Oppgåve

Utforsk dei to nausta på Veøya utanfor Molde. Dei er attskapt slik dei og landskapet truleg så ut omkring år 900 til 1000. Bruk også informasjonen som er på nettsida for å lære meir om Veøya.

Kva slags aktiviteter trur du kan ha skjedd i og ikring dei to nausta på Veøya?