Veøya – Ein bit av historia

Korleis kan det ha vore i Møre og Romsdal i vikingtida og i mellomalderen? Korleis såg husa, reiskapen og landskapet ut? Ved å kombinere kulturhistorisk forsking med nye digitale verktøy vil prosjektet Ein bit av historia utforske dei nye moglegheitene som har opna seg for å formidle historie og kulturarv.

Her kan du utforske korleis den middels store byen som låg på Veøya, utanfor Molde, kan ha sett ut på slutten av 900-talet og starten av 1000- talet. Du kan oppleve det anten i nettlesaren til dømes med mobil, eller du kan laste det ned og utforske slik ein gjer i dataspel.