Borgund - strategispel

Klarer du å drive handel gjennom mellomalderen? Her spelar du ei ætt i Borgund, og må klare å balansere ressursar som arbeidarar, skog, fiske og jordbruk i møte med utanbys handelsfolk, men også farar som brann og røvarar, uår og pest.

Spelet tek utgangspunkt i Borgund utanfor dagens Ålesund, men det er dine val som styrer korleis det går både med ætta og byen. Dette er eit strategispel inspirert av mellom anna spela Sid Meier’s Colonization, Civilization og The Settlers. Spelet gir innblikk i prosessane som dreiv handel og økonomisk utvikling i mellomalderen, frå eit overordna perspektiv